Hordaland Teater - 2010

Årsrapport 2010 for Hordaland Teater

 KAPITTEL 324: SCENEKUNSTFORMÅL 
1ET PROFESJONELT TILBUD AV TEATER-, OPERA-, DANSEFORESTILLINGER OG ANDRE SCENEKUNSTUTTRYKK OVER HELE LANDET 
1.1Formidle scenekunst på egen scene og på turne 
1.1.1Totalt antall forestillinger:142
1.1.2Antall forestillinger på egen scene/fast arena:55
1.1.3Antall forstillinger på turné i Norge:63
1.1.4Antall forestillinger i utlandet:
1.1.5Antall mottatte gjestespill:
 Gjestespillende teater/gruppe og antall publikum (jfr. sum med 1.1.8): 
 Sum:0
1.1.6Antall transmisjoner:
1.1.7Antall forestillinger formidlet gjennom den kulturelle skolesekken - grunnskolen:9
1.1.8Antall forestillinger formidlet gjennom den kulturelle skolesekken - videregående skole:
   
2HØY KVALITET GJENNOM UTVIKLING OG FORNYELSE 
2.1Et allsidig repertoar 
2.1.1Totalt antall oppsettinger:4
2.1.2Antall egenproduserte oppsettinger:4
2.1.3Antall uroppføringer:3
2.1.4Antall oppsetninger av norsk samtidsdramatikk/opera/musikkteater fra de siste 15 år:2
2.1.5Antall oppsetninger av utenlandsk samtidsdramatikk/opera/musikkteater fra de siste 15 år:
2.1.6Antall oppsetninger med norsk samtidsdramatikk/opera/musikkteater rettet mot barn og unge:3
2.1.7Antall oppsettinger av ny norsk koreografi:1
2.1.8Antall oppsetninger av ny utenlandsk koreografi:
2.1.9
Omtale av de kvaliteter ved institusjonen som best uttrykker kunstnerisk egenart og strategier for videre utvikling av disse:

Vi har i våre vedtekter som mål  å spele for barn og unge på nynorsk eller dialekt. Det er vårt hovudmål å tilby framsyningar på eit høgt profesjonelt nivå, til barn og unge i Hordaland.
Vårt repertoar vender seg i all hovudsak til denne målgruppa. Vi tek opp tema som er aktuelle og set desse inn i eit kunstnerisk uttrykk. Vi vil fortelje noko om samfunnet vi lever i. Vi arbeider heile tida med å kjenne vårt publikum på pulsen. Gi dei dramatikk som er relevant for dei. Strategien vidare er å opprette referansegrupper og utvikle kommunikasjon gjennom sosiale media og få tilbakemeldingar på kva som er viktig for dei. Vidare vil vi også gå i dialog med m.a.  lærarar om tematikk dei meiner er relevant.

 
   
3NÅ HELE BEFOLKNINGEN 
3.1Formidle scenekunst til et bredt publikum 
3.1.1Totalt antall publikum:16839
3.1.2Antall publikum på billetterte arrangement, og spesifisert for antall publikum med fribilletter og sponsorbilletter:16339
 Fribilletter:500
 Sponsorbilletter:
 Sum:500
3.1.3Antall publikum på egen scene/fast arena:5806
3.1.4Antall publikum på turnéforestillinger i Norge:8022
3.1.5Antall publikum i utlandet:
3.1.6Antall publikum på egenproduserte oppsettinger:16839
3.1.7Antall publikum på mottatte gjestespill:
3.1.8Antall publikum formidlet gjennom den kulturelle skolesekken - grunnskolen:1961
3.1.9Antall publikum formidlet gjennom den kulturelle skolesekken - videregående skole:
   
3.2Tilbud til barn og unge 
3.2.1Antall oppsettinger rettet mot barn og unge:3
3.2.2Antall forestillinger rettet mot barn og unge:101
3.2.3Antall publikum på forestillinger rettet mot barn og unge:10992
   
3.3Tilbud til særlige grupper (spesifiser) 
3.3.1Totalt antall oppsettinger:
3.3.2Totalt antall forestillinger:
3.3.3Totalt antall publikum:
   
4STØRRE MANGFOLD 
4.1Utvikle strategier og planer for å rekruttere og kvalifisere skuespillere og annet kunstnerisk personale med minoritetsbakgrunn 
4.1.1
Rapport om strategier og gjennomførte planer for å rekruttere og kvalifisere skuespillere og annet kunstnerisk personale med minioitetsbakgrunn:

HOT har nynorsk og eller dialekt med vestnorsk språkbakgrunn, som scenespråk. Teatret har i snitt frå ein til fem  skodespelarar engasjerte pr. framsyning.Av økonomiske grunnar må skodespelarane helst bu i Bergensområdet. Det vert for kostbart å engasjere dei frå andre delar av landet. Dette avgrensar teatret til ein viss grad i å engasjere skodespelarar med minoritetsbakrunn.
Som tidlegare nemnt, lagar vi teater med aktuelle tema, og då vil til dømes rassisme stå på dagsorden. I desse tilfella er det sjølvsagt at vi engsjerer skodespelarar med minoritetsbakgrunn. Døme på slike framsyningar vi har hatt på repertoaret er: STRUTS av Michael Druker og KULDE av Lars Norèn.
Som strategi for å få betre tilgang på kvalifiserte skodespelarar med minioritetsbakgrunn  vil vi oppretta dialog  med DNT i høve til  teaterutdanninga for minoritetsgrupper dei no er i gang med å etablere. Vi vil då kunne kunne kontakte  desse skodespelarane når dei er ferdig med utdanninga, for eventuell jobb på HOT. Dei vil ha ein kompetanse som skodespelarar med nynorsk som scenespråk, noko som gjer dei svært eigna for vårt teater. (Klarere dette med DNT)
Når det gjeld anna kunstnerisk personale, er det med våre økonomiske rammer  avgrensa kor mange vi kan ha i faste stillingar. Vi må sjølvsagt, når det gjeld desse, gå etter kvalifikasjonar, og kven som er ledig i dei aktuelle produksjonsperiodane.

 
   
4.2Utvikle stragegier for et bredt publikumsarbeid som også inkluderer minioitetsbefolkningen 
4.2.1
Rapport om strategier og gjennomøfrte tiltak for publikumsarbeid som også inkluderer minoritetsbefolkningen:

Det er ikkje nok publikumsgrunnlag for særskilde framsyningar for minoritetsgrupper i Hordaland, men teatret arbeider aktivt mot desse gruppene i høve til dei framsyningane som kan eigne seg. I 2010 hadde Hot framsyningane:
PAPIR ? ei non-verbal, poetisk og dramatisk framsyning.
Vi møter forfattaren som leitar etter nye idear. Ein dag høyrer han barn som leikar utanfor. Han opnar vindauget og ser ei jente som spring etter ein fugl. Då får han mange nye tankar i hovudet. Jenta dukkar opp på skrivebordet til forfattaren og blir venn med fuglen. Men så kjem fuglefangaren?.
KONSERTEN ? Ein visuell konsert med musikk av Karoline Krüger.
Dette er ei framsyning der fantasien er sett i sentrum. Framsyninga er bygt opp på same måte som barn leikar?
KNOCKOUT  av Teater O i København
Det verste som kunne skje,har skjedd. Han har mista storebror sin i krig i Afghanistan.
Knockout handlar ikkje primert om at Norge har soldatar i krig i Afghanistan, men om  ein gut i djup sorg og i eit vakum, om ein gut i kamp med seg sjølv og i kamp for sin eigen sjølvtillit, og om sitt livs kamp til no, i bokseringen.
Framsyninga inneheld også tema som rasisme, undertrykking og terrorisme, religionskrig  og på det meir personlege planet, tema som; sjølvtillit ?mobbing ?  sorg og dødsangst.
VEGGEN
Ei fabulerande framsyning med skodespelarar og musikarar om å miste og å finne, kva ein vegg har vore, er, og kan bli. Utgangspunktet er ein samanrast vegg. Spørsmålet er kva som har skjedd. Eit tema er barn i krig.
Framsyninga har urpremiere på Festspillene i Bergen.
Også med denne framsyninga vil vi vende oss særskilt til minoritetsgrupper.

 
   
4.3Utarbeide strategier for å sikre at kvinner og menn får like muligheter til kunstfaglige, tekniske og administrative posisjoner 
4.3.1
Rapport om strategier og gjennomførte tiltak for å sikre at kvinner og menn får like muligheter til kunstfaglige, tekniske og administrative posisjoner:

Som nemnt i 4.1.1. har ikkje HOT økonomiske rammmer til å ha mange fast tilsette.
Desse vert engasjerte frå prosjekt til prosjekt, og då gjeld fagleg kpompetanse og kven som er ledig i prosjektperioden. For å gi eit bilete av kjønsfordeling på teatret kan vi nemne at  I dei 20 åra teatret har eksistert har  vi hatt  2 kvinnelege og 2 mannlege teatersjefar.
I administrasjonen har teatret 2 kvinner og 3 menn. Teknikarar 2 menn og 1 kvinne.
Skodespelar: 1 mann
Kunstnarleg personle 2010:
Scenografar: 3 kvinner ? Kostyme: 3 kvinner ? Instruktørar: 1 kvinne og 1 mann
Dekoratør: 1 kvinne ? Koreografi: 1 kvinne ? Maskør: 1 kvinne ? Skodespelarar: 5 kvinner og
5 menn.

 
   
5EFFEKTIV RESSURSUTNYTTELSE 
5.1Sikre god økonomistyring og ressursutnyttelse 
5.1.1
Omtale av tiltak for å sikre god økonomistyring:

Hordaland Teater er ein liten institusjon med godt oversyn over ressursar og økonomi.
I samarbeid med styret, rekneskapskontor og revisor vert det ført tilstrekkelg og godt tilsyn med økonomistyringa. Teatret har jevnlege møter med rekneskapskontor.  

I den daglege drifta er det produksjonsmøter kor budsjetthandtering alltid er tema. I samarbeid med produksjonsleiar og teknisk sjef vert alle innkjøp av større økonomisk format godkjend på førehand.  God lantidsplanlegging gjer det mogeleg å utnytta ressursane på ein god måte.  Hordaland Teater meiner at vi på denne måten har god kontroll av økonomiutnytting og ressursutnytting.

 
5.1.2
Omtale av tiltak for å sikre god ressursutnyttelse:

I høve til HOT sin storleik har vi ikkje økonomiske rammer til å ha ha tilsette i alle funksjonar slik  som dei store  institusjonsteatera har. Det inneber at dei fast tilsette ved teatret har fleire funksjonar, sjølvsdagt i høve til kompetanse, og at teatret hyrer inn ytterlegare fagkompetanse på høgt profesjonelt nivå, frå produksjon til produksjon. Dette resulterer i maksimal utnytting av personalressursane. I planlegginga av framsyningane tek vi  omsyn til fordeling av teknisk utstyr og prøvelokale.Teatret har  berre eit prøve ? og spelelokale, og av verkstader vi kan produsere i har vi ein snikkarverksatd, som vi deler med ein annan institusjon., slik at utnyttinga på dette området må vere  maksimal.

 
5.1.3
Resultat av effektiviseringstiltak i drift og produksjon, herunder kvalitetsforbedringer og kostnadsbesparelser:

5.1.4 HOT spelar framsyningane  på turne i gym.salar og har no invistert i fleksibelt nytt amfi. Teatret har også invistert i meir oppdatert lys- og lydutstyr. Dette hevar kvaliteten på turneframsyningane, monaleg. På barne-og ungdomsteaterframsyningane har vi avgrensa publikum. Dette  er også med å heve kvaliteten på teateropplevinga.
Som tidlegare nemnt er teatret underbemanna i teaterproduksjonane, så det er ikkje rom for meir effektivisering på produksjonssida. Det fører også med seg overtid og forskyve arbeidstid.
Vi arbeider no med å finne meir veleigna lokale i Bergen sentrum.
HOT har starta ein organisasjons og strukturgjennomgang for å avklare meir definert og presis ansvars -og arbeidsfordeling generelt på teatret, og dette kan  medføre ytterlegare effektivisering i institusjonen og betre styring av ressursane.
Men vi understrekar her at dei tilsette er svært fleksible i arbeidet for å nå dei kunstneriske måla vi har sett oss.

 
5.1.4
Utvikle systemer for risikovurdering:

Hordaland Teater er eit lite og oversikteleg teater både m.o.t. oversyn av og utnytting av ressurser som teknisk utstyr, bygningar og økonomi.
Vi har dei to siste åra hatt ei grundig gjennomgang av teatret sine rutinar innan økonoimifeltet. I samarbeid med eksternt firma, revisor og rekneskapskontor har leiinga ved teatret no forbetra kontrollrutinane rundt den økonomiske sida av teatret sin drift.
Det er jevnleg møter mellom rekneskapskontor og teatret. Styret har hatt møter med rekneskapskontor og med revisor.  Dette meiner vi er med å på å sikre ein god og forsvarleg drift av teatret innanfor dei tildelte tilskot og budsjetterte eigne inntektar.  Ut frå dette meiner vi å ha gode system for risikovurdering av drifta ved teatret.

 
   
5.2Systematisk egenevaluering av resultater og måloppnåelse 
5.2.1
Strategiplan rullert for kommende 4 år:

Hordaland Teater skal vere eit profesjonelt, uredd og sjenerøst teater som skal gi gode teateropplevingar i  Hordaland  og på Vestlandet.
Hordaland Teater skal fremje nynorsk og dialekt  og ny norsk dramatikk, særleg for barn og unge, men også vere ope for å spele for eit vakse publikum

PLAN FOR GJENNOMFØRING AV TILTAKA:
HORDALAND TEATER EIT SYNLEG TEATER LOKALISERT I BERGEN SENTRUM.
Hordaland  Teater  skal i strategiperioden ha ferdig prosjektet  lokalisering i Bergen sentrum. Det inneber val av stad, og økonomi for å realisere prosjektet. Tanken om eit nynorskteater i Bergen skal vere etablert og konkret.
2011 -val av stad i samarbeid med Bergen kommune og HOFY-søke om prosjekterings-middel -prosjekterings-gruppe nedsett
2012 ? arkitektkonkurranse - søke HOFY og stat om middel
2013-opning av nynorsk scene i Bergen - all verksemd til HOT flytta inn i nye lokale

HOT EIN ATTRAKTIV SAMARBEIDSPARTNAR
Hordaland Teater  utviklar samarbeid med særleg Sogn og Fjordane Teater og Det Norske Teater. Saman skal desse sceneinstitusjonane vere sentrale i feiringa av språk-året i 2013.  
Hordaland Teater skal også vere ein samarbeidspartnar for frie scenegrupper i Hordaland, aktuelle institusjonar og Den kulturelle skolesekken i Bergen og Hordaland.
2011 2 samarbeidsprod.med Sogn og Fjordane Teater - møte med frigruppemiljøet i Bergen i samarbeid med Proscen - prøvestart samarbeidsproduksjon med aktuelle frigrupper
2012 2 nye samarbeidsprod med SOFT -premiere samarb.prod m/ frigrupper ? førebu deltaking i Grunnlovsjubileet 2014
2013 samarbeidsprod.med SOFT og Det Norske Teatret - 3  jubileer i 2013 (I.Aasen ? HOT ? Det Norske Teatret)

HORDALAND TEATER EIT TEATER MED GODT OMDØME BLANT PUBLIKUM OG SAMARBEIDS-PARTNARAR.
Hordaland Teater driv kontinuerleg publikumsbyggjing og arbeid med organisasjonsutvikling for ope å kunne møte samarbeidspartnarar med  profesjonalitet og entusiasme.
Hordaland Teater  er også eit teater for minoritetsbefolkninga.
2011 styrke salsarbeidet/bemanning - styrke kontakten med dei lokale kulturhus - styrke kontakten med dei regionale DKS-kontora - byggje ut eit regionalt nettverk utanfor DKS-systemet - byggje opp referansegrupper i forhold til utdanningsmiljøet - auke kontakt med miljøet blant minoritets-befolkninga lokalt og regionalt - direkte mot Nygård skule, asylmottak i Hordaland, BIKS - nytta Norsk Publikumsutvikling som ressurs i publikumsbyggjing gjennom møter og deltaking på seminar i regi av NPU.

HORDALAND TEATER MED EIN KOMPETENT ORGANISASJON
Hordaland Teater skal vere organisert slik at ressursane blir brukte best mogleg. I strategiperioden skal det vere rom for etablering av  ein skodespelarstab med to-årskontraktar. Det skal føreligge ein forpliktande kompetanseplan. Det skal setjast av budsjettmidlar til kompetanseutvikling.
2011 utarbeide nye stillingsinstruksar - revidere arbeidsavtaler med dei tilsette - ny organisasjonsplan bruk av personalhandbok - nytilsetjingar (produksjonsleiar-teknisk leiar, sal/kontakt) - alle tilsette skal ha deltatt på seminar/kurs relevant til arbeidsområde - utarbeide kompetanseutv.plan for dei tilsette.
2012 tilsette 3 skodespelarar på 2-års kontraktar

HORDALAND TEATER MED AUKA ØKONOMISK HANDLINGSROM
Hordaland Teater skal i perioden komme opp på same nivå som samanliknbare sceneinstitusjonar når det gjelder statlege overføringar. Dette vert oppnådd ved auka samarbeid med Hordalandsbenken, kulturpolitikarar frå Hordaland, der eigarane våre tek eit større påverknadsansvar.
2011 eigarmøte - møte med kultur-og ressursutvalet i HFK - møte med Bergen kommune - møte med Hordalandsbenken - møte med Kulturkomiteen på Stortinget - møte med NTO
2012 auke i turneverksemda
2013 same økonomisk nivå som Sogn og Fjordane Teater

 
5.2.2
Redegjøre for de tiltak som er iverksatt for å nå målene i strategiplanen:

Sjå punkt 5.2.1
I tillegg har vi iverksatt ein gjennomgang og evaluering av økonomiske rutinar, oppdatering av personalhåndbok (Compendia), kompetanseheving av tilsette og styret gjennom deltaking på kurs og seminar.

 
5.2.3
Vurdering av egen mål- og resultatoppnåelse til departementet:

Hortdaland Teater er no inne i ein prosess som har til mål at teatret m.a. skal eit profesjonelt, uredd og sjenerøst teater til beste for publikum i vårt fylke. Såvel eigarar som styret og tilsette er alle sterkt delaktige i denne prosessen.Så langt er Hordaland Teater godt nøgd med framgangen i prosessen og vidareutviklingfa av teatret.

 
   
5.3God forvaltning av bygningsmasse og teknisk utstyr 
5.3.1
Utarbeide planer med tiltak som rulleres årlig, vurdere ekstern forvaltning:

Hordaland Teater har i dag produksjoins, administrasjons, prøve og spelelokale på Stend like utanfor Bergen sentrum.  Lokala er stillte gratis til rådvelde for teatret av den største eigaren - Hordaland Fyk´lkeskommune.

Hordaland Teater har dei siste par åra fornya mykje av det tekniske utstyret i høve dagens krav og behov.

 
5.3.2
Redegjøre for årlig forbruk og regnskapsmessige avsetninger til formålet:

Hordaland Teater har god økonomistyring. 2010 ga eit overskot på omlagg ein halv million kroner.  Eigekapitalen er ved årsskifte på omlag 1,5 mill kroner. Men for å auke verksemda i tråd med vedteknes trategiar er det naudsynt med ei auke i tilskot.

 
   
5.4Bredt og systematisk samarbeid mellom institusjonene 
5.4.1Antall samarbeidsproduksjoner: