Det Norske Teatret - 2009

Årsrapport 2009 for Det Norske Teatret

 KAPITTEL 324: SCENEKUNSTFORMÅL 
1ET PROFESJONELT TILBUD AV TEATER-, OPERA-, DANSEFORESTILLINGER OG ANDRE SCENEKUNSTUTTRYKK OVER HELE LANDET 
1.1Formidle scenekunst på egen scene og på turne 
1.1.1Totalt antall forestillinger:996
1.1.2Antall forestillinger på egen scene/fast arena:747
1.1.3Antall forstillinger på turné i Norge:29
1.1.4Antall forestillinger i utlandet:
1.1.5Antall mottatte gjestespill:6
 Gjestespillende teater/gruppe og antall publikum (jfr. sum med 1.1.8): 
 Beaivvá Sámi Teáhter165
 Belarus Free Theatre50
 Den Unge Scenen2096
 Helge Jordal119
 Norsk Amatørteaterfestival523
 Norsk Dramatikkfestival1087
 Sum:4040
1.1.6Antall transmisjoner:
1.1.7Antall forestillinger formidlet gjennom den kulturelle skolesekken - grunnskolen:
1.1.8Antall forestillinger formidlet gjennom den kulturelle skolesekken - videregående skole:
   
2HØY KVALITET GJENNOM UTVIKLING OG FORNYELSE 
2.1Et allsidig repertoar 
2.1.1Totalt antall oppsettinger:25
2.1.2Antall egenproduserte oppsettinger:24
2.1.3Antall uroppføringer:6
2.1.4Antall oppsetninger av norsk samtidsdramatikk/opera/musikkteater fra de siste 15 år:5
2.1.5Antall oppsetninger av utenlandsk samtidsdramatikk/opera/musikkteater fra de siste 15 år:3
2.1.6Antall oppsetninger med norsk samtidsdramatikk/opera/musikkteater rettet mot barn og unge:4
2.1.7Antall oppsettinger av ny norsk koreografi:4
2.1.8Antall oppsetninger av ny utenlandsk koreografi:
2.1.9
Omtale av de kvaliteter ved institusjonen som best uttrykker kunstnerisk egenart og strategier for videre utvikling av disse:

Det Norske Teatret først inn i framtida
Det Norske Teatret skal markere seg som eit teater for framtida. Eigennamnet "Det Norske Teatret" består av to omgrep, som begge er i endring. Både "Det Norske" og "Teatret" blir raskt fylte med nytt innhald og nye forventningar. Ambisjonen er å ivrig gripe den moglegheita eit 100-årsjubileum byr på til å gi teatret ein profil som tek den nye tida på alvor.

Ei historisk sterk satsing på barn og unge
Framsyningane Jungelboka og Jesus Christ Superstar bidrog til at Det Norske Teatret fekk eit publikum som normalt ikkje oppsøkjer DNT, gruppa mellom 10 og 30 år. Dette har skjedd utan at teatret har mista sine tradisjonelle publikumsgrupper. Det Norske Teatret skal klart og tydeleg markerer seg som det beste alternativet for denne gruppa. Dette vil skape eit spennande handlingsrom både kunstnarleg og økonomisk. Det ligg potensiale til mykje nyskapande kunstnarleg arbeid i møte med ei slik gruppe publikum, og det ligg eit stort volum av hittil unytta teatergjengarar og ventar på å kome innafor teatret sine dører.
Teatret skal vere med på å gjere nynorsk språk og dialektbruk mindre framandt for unge menneske i Oslo i dag.

Ei heilhjarta satsing på mangfald og Det Nye Noreg
Omgrepa "Noreg", "norsk" og "det norske" er i rask endring. Dette er ein arena som DNT bør erobre raskt og med stor tynge og kraft. Her ligg det store moglegheiter for kunstnarleg nyskaping, og med økonomisk gevinst.

Det spektakulære og nye musikkteatret
Det Norske Teatret har ein lang og god tradisjon som den fremste arena for musikkteater i Noreg. Denne posisjonen blir kraftig utfordra av stadig fleire aktørar. Det er heilt avgjerande for DNT at ein held fast ved, og helst styrkjer posisjonen vi alt har i denne delen av marknaden. For å lykkast med dette er det igjen avgjerande at ein nyttar  fordelane DNT har og som skil oss frå dei andre. Musikkteater på DNT skal vere utfordrande både for aktørar og publikum. Teatret skal bidra til at nytt og moderne musikkteater bli gjort tilgjengeleg for eit stort publikum. Om ein spelar kjent stoff, så skal det bli sett i ein ny samanheng. DNT skal lage eigne versjonar, ikkje kopiere andre. Musikkteater må aldri nedvurderast kunstnarleg.

Ei styrka satsing på nye stemmer
Det er ei prioritert oppgåve for DNT og dyrke fram dei nye forteljarstemmene våre. Den nye dramatikken må bli løfta framfor den eldre. I den grad ein skal løfte fram ein klassikar, må det bli gjort slik at den får ny relevans.  

Teatret som møteplass
Det blir arbeidd med planar knytte til publikumsområda. Moglegheitene er mange og det er avgjerande at publikumsområda speglar teatrets profil elles.

Det Norske Teatret som språkleg utviklingsarena
DNT har historie og plikter knytt til språk. Dette må ein ta på alvor. Språk er noko av det viktigaste i teatret, og DNT må til ei kvar tid vere opptatt av dette. Ein må dyrke mangfaldet i det norske språket og bidra til språkdebatten. Nynorsken vil til kvar tid vere teatrets språklege grunnmur, men språket er i rivande utvikling. Teatret må ikkje bli hengande etter her. Det Norske Teatret skal vere ein ambassadør for språkleg leik og mangfald.

 
   
3NÅ HELE BEFOLKNINGEN 
3.1Formidle scenekunst til et bredt publikum 
3.1.1Totalt antall publikum:187026
3.1.2Antall publikum på billetterte arrangement, og spesifisert for antall publikum med fribilletter og sponsorbilletter:146366
 Fribilletter:15008
 Sponsorbilletter:619
 Sum:15627
3.1.3Antall publikum på egen scene/fast arena:161465
3.1.4Antall publikum på turnéforestillinger i Norge:2252
3.1.5Antall publikum i utlandet:
3.1.6Antall publikum på egenproduserte oppsettinger:138543
3.1.7Antall publikum på mottatte gjestespill:4040
3.1.8Antall publikum formidlet gjennom den kulturelle skolesekken - grunnskolen:
3.1.9Antall publikum formidlet gjennom den kulturelle skolesekken - videregående skole:
   
3.2Tilbud til barn og unge 
3.2.1Antall oppsettinger rettet mot barn og unge:4
3.2.2Antall forestillinger rettet mot barn og unge:191
3.2.3Antall publikum på forestillinger rettet mot barn og unge:54042
   
3.3Tilbud til særlige grupper (spesifiser) 
3.3.1Totalt antall oppsettinger:
3.3.2Totalt antall forestillinger:
3.3.3Totalt antall publikum:
   
4STØRRE MANGFOLD 
4.1Utvikle strategier og planer for å rekruttere og kvalifisere skuespillere og annet kunstnerisk personale med minoritetsbakgrunn 
4.1.1
Rapport om strategier og gjennomførte planer for å rekruttere og kvalifisere skuespillere og annet kunstnerisk personale med minioitetsbakgrunn:
 
   
4.2Utvikle stragegier for et bredt publikumsarbeid som også inkluderer minioitetsbefolkningen 
4.2.1
Rapport om strategier og gjennomøfrte tiltak for publikumsarbeid som også inkluderer minoritetsbefolkningen:
 
   
4.3Utarbeide strategier for å sikre at kvinner og menn får like muligheter til kunstfaglige, tekniske og administrative posisjoner 
4.3.1
Rapport om strategier og gjennomførte tiltak for å sikre at kvinner og menn får like muligheter til kunstfaglige, tekniske og administrative posisjoner:
 
   
5EFFEKTIV RESSURSUTNYTTELSE 
5.1Sikre god økonomistyring og ressursutnyttelse 
5.1.1
Omtale av tiltak for å sikre god økonomistyring:
 
5.1.2
Omtale av tiltak for å sikre god ressursutnyttelse:

Sikre god ressursutnytting

Teatret har hatt ein gjennomgang av organisasjonen med tanke på kostnadsreduksjon og betre ressursutnytting. Først gjennomførte teatret dei kostnadsreduksjonane som var moglege utan å ramme personalet.
- Vi har bygd om og investert i ventilasjonssystemet. Det inneber at teatret sparer utgifter til kjøp av elektrisk kraft.
- Teatret nyttar led-pærer som sparer utgifter til kjøp av elektrisk kraft.
- Leigeavtalen av det eine eksterne lageret som teatret leiger er sagt opp. Lokale i teaterbygget er bygd om for å huse deler av det som blir lagra eksternt. Fleire avdelingar har hatt ein gjennomgang av deira lagersituasjon for betre ressursutnytting.
- Teatret trykkjer ikkje lenger opp program for sal til Prøvesalen og Scene 2. Det blir i staden laga enklare programpamflettar som blir delt ut gratis. Dei kostar vesentleg mindre i produksjon. Stadig meir av teatret sitt marknads- og informasjonsmateriale vert distribuert via nettet.
- Opningstida i kantina blir redusert.
- Teatret innførte nøkkelkortsystem som gjer det mogleg å redusere opningstida i resepsjonen.
- Styret har vedteke å leggje ned dei ordinære produksjonane på Prøvesalen. Prøvesalen vil ha like stor, om ikkje høgre aktivitet som tidlegare, men aktiviteten vil vere mindre kostnads- og bemanningskrevjande.
Teatret har lagt vekt på å skjerme kjerneverksemda og gått igjennom heile organisasjonen med tanke på redusere personalkostnadene med 8 millionar kroner. Dette førte til ein reduksjon på 11 årsverk innafor tekniske- og administrative delar av teatret og 7,5 årsverk innafor dei kunstnarlege avdelingane. Nedbemanning blir i størst mogleg grad gjennomført ved frivillig avgang, AFP og pensjon, men teatret måtte òg seie opp medarbeidarar.
Teatret valde ein økonomisk strategi som innebar ei omlegging av produksjonane på Prøvesalen. Dette gjorde det mogleg å omorganisere tekniske avdelingar. Teatret har redusert bemanninga på målarsalen, sceneavdelinga, rekvisittavdelinga og hos inspisientane, og teatret har ikkje lenger tilsett eigen møbeltapetserar. Bemanninga ved rekneskapsavdelinga, sekretærfunksjonane, resepsjonen og billettluka er redusert, og teatret har ikkje lenger eigen grafisk designar. For tekniske avdelingar har det vore viktig for teatret å ikkje bemanne for toppane, men skape ein fleksibilitet der teatret kan ta inn ekstra bemanning når det er nødvendig ut frå produksjonsavviklinga.
På kunstnarleg side er talet på scenografar, musikarar og skodespelarar redusert. Når det gjeld skodespelarane, har det vore viktig å utjamne den skeive aldersfordelinga der gjennomsnittalder var heile 55 år og berre ein fast tilsett skodespelar var under 40 år.

 
5.1.3
Resultat av effektiviseringstiltak i drift og produksjon, herunder kvalitetsforbedringer og kostnadsbesparelser:

Resultat av effektiviseringstiltak i drift og produksjon, under dette kvalitetsforbetringar og kostnadsinnsparing

Teatret har oppretta ei Produksjon- og planavdeling som skal sikre framdrifta i prosjekta ut frå den nye prosjektstyringsmodellen. Teatret har ei organisasjonsform som er ein mellomting mellom ein linjeorganisasjon og ein prosjektorganisasjon. Dette skapar utfordringar når det gjeld oppfølging av eksterne kunstnarar og framdrifta i prosjekta. Det er meininga den nyoppretta produksjon- og planavdelinga skal fylle dette organisatoriske holet.

Ein stor del av billettsalet skjer over nett og dette salet er aukande. Teatret har investert i ny programvare med sikte på at publikum skal kunne skrive ut billettane heime, som med flybillettar. Teatret vil òg få installert billettautomatar i foajeen.  Billettluka vil gradvis bli gjort om til eit breiare publikumsserviceorgan framfor ei rein billettluke i takt med at fleire og fleire besøkande handsamar billettane sjølve gjennom nettet.

Alle støttefunksjonar ved teatret er gjennomgått, og teatret har kutta tenestene der det har vore mogleg. Dette inneber at dei tilsette må løyse fleire oppgåver sjølve på tvers av avdelingane. Arkivet/biblioteket er lagt inn under informasjonsavdelinga og vil få noko endra oppgåver enn tidlegare.
Teatret har ikkje lenger eigen grafisk designar. Teatret har sett ut produksjon av grafisk design til ekstern leverandør for å sikre ein heilskapleg grafisk profil som heng med i tida.

Møbeltapetsering er eit område der teatret har skiftande behov og ei er teneste som teatret vil kjøpe  utanfrå.

Teatret har omorganisert teknisk kontor for betre økonomisk styring av overtids- og materialkostnadene i prosjekta. I tillegg til at den einskilde fagsjef har fått budsjettansvar for sine område. Dette har betra økonomistyringa i prosjekta. Prosjektstyringsmodellen som framleis ikkje er fullt implementert, har vore ein viktig faktor for å betre den økonomiske styringa med prosjekta.

Teatret innfører frå 2010 eit nytt arkivsystem for handsaming av post og dokument i tråd med offentleglova sine reglar for postjournalar. Teatret er ikkje underlagt offentleglova, men har likevel valt å innføre same ordning som ved dei andre offentlege teatra.

Teatret har kjøpt inn programvaren Reinhaldsplan Digital og Jonathan som effektiviserar og systematiserar reinhald og vedlikehald av bygget. Tilstandsrapportane for huset kan leggjast inn i programvaren for å betre oppfølginga og framdrifta i vedlikehaldet.

Teatret arbeidar med anbodsrunden for restaurantdrifta. Vi har gjennomført ei marknadsundersøking som vil danne grunnlaget for ombyggingsarbeidet og korleis teatret vil leggje opp restaurantdrifta og næringslivsarrangementa i framtida. Restaurantdrifta inneheld òg kantinedrifta. Kriteria for anbodsrunden vil innebere effektiviseringsmoglegheiter for kantinedrift og restaurantdrift.

Under arbeidet med restaurantdriftsanbodet har teatret laga ein heilskapleg plan for verksemda. Denne planen vil vere viktig for å målrette arbeidet i den einskilde avdeling framover.  

Teatret har hatt ein gjennomgang av lagersituasjonen. Vi har bygd om og lagt til rette for eit nytt lager internt i teaterbygget samstundes som dei ulike avdelingane med lagerbehov har avgrensa mengda. Ut frå dette kan teatret redusere behovet for eksterne kostbare lagerlokale.

 
5.1.4
Utvikle systemer for risikovurdering:
 
   
5.2Systematisk egenevaluering av resultater og måloppnåelse 
5.2.1
Strategiplan rullert for kommende 4 år:

På grunn av teatersjefskifte 2010/20011 har styret ikkje utarbeidd ny strategiplan. Her er hovudpunkta påtroppande teatersjef Erik Ulfsby ønskjer å satse på.

Det Norske Teatret skal vere eit teater for framtida.. Omgrepa "Det Norske" og "Teatret" skal bli fylte med nytt innhald og nye forventningar.

Det Norske Teatret har klart å treffe det unge publikummet mellom 10 og 30. Teatret skal markerer seg som det beste alternativet for denne gruppa.

I satsinga på det kulturelle mangfaldet ligg det moglegheiter for kunstnarleg nyskaping og er ein arena som DNT bør erobre med stor tyngd og kraft.

Det Norske Teatret skal halde fram som den fremste arenaen for nytt og moderne musikkteater som skal vere utfordrande for publikum og utøvarar.

Det er ei prioritert oppgåve for DNT og dyrke fram dei nye forteljarstemmene våre. Den nye dramatikken må bli løfta framfor den eldre. I den grad ein skal løfte fram ein klassikar, må det bli gjort slik at den får ny relevans.

Det Norske Teatret skal dyrke mangfaldet i det norske språket og bidra til språkdebatten. Teatret skal vere ein ambassadør for språkleg leik og mangfald.

 
5.2.2
Redegjøre for de tiltak som er iverksatt for å nå målene i strategiplanen:

Det Norske Teatret fekk ikkje starta strategiarbeidet i 2009 på grunn av at påtroppande teatersjef Lars Erik Holter trekte seg frå stillinga.  Styret vil saman med påtroppande teatersjef Erik Ulfsby utarbeide ein ny femårig strategiplan for teatret i løpet av våren 2010.

 
5.2.3
Vurdering av egen mål- og resultatoppnåelse til departementet:
 
   
5.3God forvaltning av bygningsmasse og teknisk utstyr 
5.3.1
Utarbeide planer med tiltak som rulleres årlig, vurdere ekstern forvaltning:
 
5.3.2
Redegjøre for årlig forbruk og regnskapsmessige avsetninger til formålet:
 
   
5.4Bredt og systematisk samarbeid mellom institusjonene 
5.4.1Antall samarbeidsproduksjoner:1
 
Samarbeidsprosjekt 1:

Samarbeidspartner(e):
  • Rikskonsertene

Beskrivelse av samarbeidets art:

Andvake